Søk i denne bloggen

lørdag 10. august 2013

enda en lånt (stjålet)


Det særeigne norske
Norsk kultur. Jon Hustad blandar kultur som sosialantropologisk omgrep med kulturpolitikk.
Debatt
Hadia Tajik Kulturminister
Publisert: 02.jan. 2013 20:59 Oppdatert: 02.jan. 2013 21:15
Journalist Jon Hustad kritiserte i Aftenposten onsdag svaret mitt på eit spørsmål eg fekk frå Christian Tybring-Gjedde (Frp) om å definere norsk kultur, og korleis eg ville «verne om og beskytte det».
Kronikken til Hustad og spørsmålet frå Tybring-Gjedde byggjer på ein sentral tankefeil: Dei blandar kultur som sosialantropologisk omgrep med kulturpolitikk.
Når Hustad trekkjer fram dømet der han undrar seg over svenskane sin hang til å vente på grønt ljos, sjølv om det ikkje er bilar i nærleiken, er det et døme på det sosialantropologiske omgrepet.
Det er spanande at Hustad vil utvida mandatet mitt som kulturminister til å gjelde korleis nordmenn går over gata, og det norske samfunnsmedvitet, som kan vere historisk prega av reformasjon og pietisme. Tybring-Gjedde vil at mandatet mitt òg skal gjelde "valutaen" og "kongehuset". Sjølv tenkjer eg at den norske valutaen tek finansministeren seg av og Kongehuset har eg tillit til at klarer seg fint sjølv.
Det kulturpolitiske omgrepet, som mellom anna er definert i kulturlova, handlar om kunst- og kulturuttrykk som vert skapte, produserte, utøvde, formidla og distribuerte. Tradisjonelt er det dette som er kulturministeren si oppgåve å "verne om og beskytte".
Det sosialantropologiske kulturomgrepet engasjerer meg personleg og som politikar, sjølv om det fell utanfor det som kulturdepartementet tradisjonelt har ansvar for.
Eg lyfter gjerne fana for den norske modellen, som sjølv om den har fellestrekk med den svenske og den danske, òg er særeigen. Det handlar mellom anna om tillit mellom menneske, høg grad av likestilling og at samfunnet vårt er eit solidarisk spleiselag. Vert denne modellen truga? Ja. Er han under press? Ja. Mellom anna frå dei som ikkje har respekt for spelereglane i eit velferdssamfunn som vårt, der me skal gjere plikta vår før me krev retten vår. Men òg frå dei som vil byggje ned spleiselaget og gjere ansvaret for Noreg si framtid meir individuelt og mindre felles, slik som Christian Tybring-Gjedde og Framstegspartiet vil.
I arbeidet med Arbeiderpartiet sitt partiprogram for 2013-2017, der eg har hatt ansvaret for velferdspolitikken, har eg lagd vekt på tre element eg meiner er ein viktig del av den uskrivne samfunnskontrakten i Noreg: At me stiller krav til kvarandre. At me stiller opp for kvarandre. At me er viljuge til å sameine alle gode krefter. Altså  pliktar, rettar og samarbeid.
Hustad påstår òg at eg "ikkje sa noko anna enn at kultur er i endring" i svaret mitt til Tybring-Gjedde. Det er ikkje sant. Av svaret mitt går det fram at tufta på erfaring opplever me ein del uttrykk, fenomen eller ytringar som meir rotfesta og norske enn andre.
Det vil seie at eg tillegg det erfaringsnære, altså at dei fleste av oss vil meine at nokre fenomen er meir særeigne norske enn andre fenomen, like mykje vekt som det historiske faktum at kulturar alltid har vore i endring.
Eg reknar med at Hustad tykkjer dette var eit litt vel skuleflinkt svar, i og med at han stemplar svaret mitt til Tybring-Gjedde på same måte.
Men av svaret kan han kanskje òg lære at det ikkje er så dumt å gjere leksene sine før ein går til åtak.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar